Sommersamling i Sunnylven på Sunnmøre for Lyn Ski senior

Etter 7 dager med mykje og variert trening blei årets sommersamling på Hellesylt avslutta med Hellesyltløpet der Henrik Bakke var sterkast av samtlige og satte ny løyperekord med tida 21.15 på det 6.6 km lange terrengløpet.

Tradisjonen tru så reiste så og seie heile Lyn Ski sin senior avdeling til Sunnylven, som er betre kjent under stadnamnet Hellesylt. Dette er 4 året på rad ein legger samlinga nettopp her. I år satte ein ny rekord kva angår antall utøvarar totalt talde ein 17 utøvarar + trenar. Som vanlig hadde vi «flaks» med været. Ikkje ein dag med regn under øktene og tropisk varme dei siste 4 dagane. For ein Sunnylvsgutt kan eg skrive under på at vi har i år som tidligare år vore heldige med været på samlinga. Reint treningsmessig så blei det gjennomført 4 intensive økter, og resterende økter var stor sett langturar med varighet frå 1,5-5t. Totalt kom nok dei fleste utøvarane opp på eit timetal for veka på rundt 25t.

Noko av innhaldet frå samlinga kan ein sjå her videolink: https://www.youtube.com/watch?v=A5FzD6Zyxbk

*HUSK å trykk på HD for best mogleg kvalitet.

Det sosiale var på denne samlinga viktig. To grillkveldar, bankett, ein større felles frukost/lunsj, badebassengbesøk og inntak av potetball var noko av det ein gjorde ilag. Utover dette bodde ein nærme i hytter så det var muligheit for og sosialsammenkomst mellom øktene om en ønska dette. Utifrå tidligare års samlinga verker gjennomsnittsnivået på årets gjeng å være bra, dessutan verkar heile gjengen å tåle samlinga bra då fleire satte personlig beste notering på årets Hellesyltløp. Her tapetserte Lyn Ski heile sigerspallen ann ført av Henrik Bakke som satte ny løyperekord, Jonas Frorud og Anders M. Høst. Det var også godt med Lyn Skiløparar bland dei første 15 plassane i herreklassa. Også jentene i gruppa noterte seg for gode tider og topp plasseringar. Solveig H. Krüger sprang fort og kom inn til andre plass, mens Kristin Hjelstuen kom i mål på ein sterk 5 plass.

Link Resultat Hellesyltløpet 2015: http://www.hellesylt.info/wp-content/uploads/2015/07/Resultat-Hellesyltl%C3%B8pet-2015-v3.pdf

Artikkel frå løpet: http://www.hellesylt.info/2015/07/nye-rekordar-i-hellesyltlopet/

Vi ynskjer også årette ein stor takk til Jørgen Helset for at ein nok ein gong fekk moglegheit å leige dei flotte hyttene av han. I tillegg skal Olav Hellebostad ha ein stor takk for bruk at den eine hytta undre veka. Vi gleda oss alt til neste års samling, då er vi tilbake forhåpentlegvis like mange og med like flott vær!