Og så var det duket for siste helg med Sørlandsidyll for knippet seniorutøvere – melding fra Jostein, hovedtrener:
Fredagen var ein av dei roligaste og «lettaste dagane under samlinga.
Me starta med rulleski klassisk og bytte halvvegs til skøyting. Opp mot 3.5 timar. Langløpsgjengen heldt seg til klassisk heile tida.
På Laurdag var det på tide å måle krefter att! Tradisjonen tru vart det gjennomført rulleski testrenn. Langløpsgjengen hadde klassisk fellesstart, medan allroundarane våre hadde intervallstart skøyting. Løypa var lett kupert før ein gjekk inn i bakken opp mot Nævestadheia. Til tross for regnvær og nylagt asfalt(lim) var tidene særdeles gode!
På ettermiddagen skulle me ut å springe oss ein tur, då me tidleg skjønte at utøvarane var slitne etter testløpet tok eg og Knut rollane som fartshaldarar.
Søndag viste sørlandet seg frå ei nydeleg side, sol og varmt. den siste økta vart gjennomført på rulleski.