Etter drøye 6 månader med mykje god trening er sesongen igang for junior og seniorgruppa. Seniorane opna sesongen medan framtida til Lyn Ski var på Trysil, me får gåsehud av å tenke på alle dei lovande utøvarane og trenarane som kjem oppover i lynsystemet.
Under den nevnte opninga på beitostølen, har mange fått med seg dei gode resultata til våre to landslagsløparar Hans Christer og Simen. Ikkje så mange har fått med seg utviklinga til løparane på nivået under. Lengst framme var Johan Tjelle med 15 plass (!) på skøytinga. Andre viste at treninga dei har gjort, har løfta dei oppover resultatlistene.
Det siste året har stakefrie soner våre eit omdiskutert tema. Dette møter oss no i alle skirenn, me har eit veldig avslappa forhold til dette, og nyttar lite energi på å diskutere det. Dersom nokon har lyst å stake, så er det i fristilsrenn fritt fram.
I helgene har Tinus og Marius tatt seg av testing av ski og sekundering, medan Jostein har helde seg bak smørebordet. Foreløpig har dette resultert i gode ski, og oppdaterte løparar undervegs i rennet. Som tidligare ville aldri smøreteamet og løparane fungert dersom me ikkje hadde hatt med oss eminente foreldre som kan smøre løparski. De imponerer stadig!
Under Gålåsprinten i helga, hadde Lyn Ski totalt 61 startar fordelt på 3 renn for senior og 2 for junior, dette er utruleg artig å sjå. og krever mykje logistikk frå oppmenn og foreldre.
Me gler oss til snøparken er full i glade og ivrige Lyn ungar og ungdommar.
Vinteren er her!!
- Jostein, Tinus og Marius
Trenarane på senior og junior i Lyn Ski