Etter ein heilt fantastisk sesong, har både junioarane og seniorane fått lov å slappe av litt. Dei fleste har helde seg i gang med lett og variert trening. Men no er 1.mai passert, og sesongoppkøyringa er i gang.
Me starta 1.mai med baneintervallar i eit klassisk vestlandsver, 5 grader og regn. Imponerande å sjå 35 jr og sr løparar dundre avgårde på tartanen for å førebu seg til opningssamling og holmenkollstafett.
Opningssamlinga starta med hurtighet på rulleski på fredag, der løparane fekk prøvd å spurte i sving og ut på flata. Artigt! Laurdag morgen medan 52(!) løparar var ute på ei lett økt stelte verdas beste oppmenn/kvinner i gang frukost som, var klar når utøvarane kom inn att. Etter frukosten vart det informert om dagens stafett der me stilte med 3 lag. Eit i menn elite, og eit i senior for både kvinner og menn. Utruleg mange gode prestasjonar, og alle laga sette nye bestetider! På kvelde grilla me, og verdas (framleis) beste oppmenn styrte oss igjennom ein artig runde med mesternes mester.
Søndagen vart brukt til å gjennomføre ein roleg skøytetur i Maridalen.
Utruleg artigt å sjå så mange motiverte utøvarar klare for ny sesong!! Me er i gang!
Trenarane