Då er me komne i til Juni, dette er måned nummer 2 i oppkøyringsperioden fram mot sommaren. Dette medfører jo då at me i Lyn Ski Senior gjennomfører samling nummer 2. Den vart avslutta med ein rolig drøy 4-timers tur, eit ekte langrennstriathlon med rulleski skøyting, klassisk og løp! Samlinga har i grove trekk inneholdt mykje variert trening, både i intensitet og rørsleform. Med basisøkter, rolige langturar, hurtighet, og testløp. På tysdag gjennomførte me rulleski klassisk testløp og intervaller i Grefsenkollen. Der senior og eldre junior stakar, medan dei yngre kan bruke fråspark. Mange gode prestasjonar, og det er tydeleg at «stakerevolusjonen» vert tatt på alvor. Det gjeldt å henge med på nyvinningar.
Det viktigaste under heile samlinga, var nok for mange (les undertegnede) mesternes mester på onsdag. Då samla me heile junior og seniorgjengen til felles grilling og kappestrid. Våre fantastiske oppmenn i regi av Inger og Eva hadde laga til alt, så me kom til duk og dekka bord. Lagkonkurransar og quiz er alltid moro.