Simen Hegstad Krüger har bevist med resultatene fra årets Junior-VM at han er norges desidert beste junior utøver, men hvordan har den lyshårede lyngutten med kallenavn Smurfen Krügloff blitt så god ? Var han alltid best ?
At Simen H.Krüger skulle bli den beste junioren i Norge når han var 19 år var det nok ikkje mange som hadde trudd når Simen var 14 år og gikk første året i Hovedlandsrennet. Resultatet på desse renna var 185 på sprinten og 81 på distanserennet heile 1:23 min bak vinnaren på den 5 km lange distansen. Året etter på var han forsatt 192 på sprinten, og 70 – 1:41 min bak vinnaren på 7,5 km skate. Ein kan med andre ord trygt seie at Simen ikkje var noko barnestjerne. Når Simen var 14 og 15 år husker eg godt at han var liten av vekst, men ekstremt ivrig! Simen ville lære, han ville bli god. Konsekvensen var at han prioriterte trening mot langrenn, møtte opp på alle fellestreninger og gav 100% på alle intervallar eller konkurransar. I tillegg var Simen heldig som hadde mange gode lagkameratar og venniner i treningsgruppa som pusha han på alle intervallar. Simen var heller ikkje redd for å gå skirenn. Dette var jo bare gøy, noko som resulterte i at han gjorde nettopp det stort sett kvar helg. Vant gjorde han langt ifrå. Som regel var Simen 1-2 min bak vinnaren, men målet var alltid å slå dei han brukte å ligge rundt på resultatlista. Klarte han det, ja då ville han tilslutt ende høgt oppe på resultatlista.
Simen og meg på junior NM Stryn 2010.
Så det tredje året eg hadde Simen (16 år) som utøver kom resultata. Forbedringane som følge av to år med mykje aktivitet (trening og leik), og målbevist trening dei siste to åra (siste års hovedlandrenn og første års junior) gav resultat. Plutselig var Simen oppe blandt dei 10 beste i Norge. På sprint var han forsatt langt bak, men fokuset var å klatre nokon plassar pr.sprint. Til slutt ville ein då komme seg gjennom prologen også i sprinten. Akkurat same tankegong som på distanserenna når han var 14 år. Utviklinga gjennom junior alderen gikk mot at han stadig nærma seg dei beste. Den første seier i NC fikk han som 17 åring på Beitostølen, og var dette året javnt topp 6 i sin årsklasse. Som 18 åring kom han seg til Junior VM og etablerte seg som ein av dei tre beste i Norge i årsklassa. I år 19 år gammal er han etter prestasjonane i junior VM Norges akkurat no beste junior. Veien dit har vore lang. Det er prioritert mykje trening foran andre aktiviteter. Mange sider med treningsdagsbøker er ført, mange løpersamtaler, mange hundre timer med teknikktrening. Forsatt må Simen som alle andre jobbe vidare, han er forsatt langt bak dei beste seniorane!
Simen «Smurfen Krügloff» i junior VM 2013
Det er likevel for meg viktig å poengtere at Simen ikkje var best når han var yngre. Dette er kanskje noko alle andre Lyn Ski utøvera som er 16 år eller yngre burde ta med seg. Det handler mykje om å ville trene mykje, ville bli så god ein kan, gå mykje på ski og skirenn. Er du då tolmodig, gir alt på konkurransar og intervallar og er målbevist, ja då vil resultata komme. Det er ikkje slik at dei som er best no nøvendigvis er best fordi dei trenar best, det kan være dei bare har kome lengst i vekstspurten/puberteten. Det er alltid lettare å jakte enn å være den som blir jakta. Så kven veit, kanskje er det du som les dette som blir den nye Simen H. Krüger om noen år ? Ønsker du det sterkt nok kan det faktisk godt hende!
Film av Simen H . Krüger (15 år vs 19 år) finnes her: http://www.youtube.com/watch?v=da9n_epILpA
Heia LYN !
Skreve av:
Hans Kristian Stadheim